Tilsynet for universell utforming av IKT i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) har ført tilsyn med ei av NAV sine nettløysingar. Det er løysinga for å søke foreldrepengar som er undersøkt. Kontrollen avdekka brot på 10 av 19 krav som vart testa. NAV har fått pålegg om retting, og skal korrigere avvika innan 12 veker. Gjer dei ikkje det, truar tilsynet NAV med tvangsmulkt i form av dagbøter.

For å sikre at nettløysingar og automatar kan brukast av alle og følger regelverket i føresegn om universell utforming av IKT, fører Digitaliseringsdirektoratet tilsyn med både offentlege og private verksemder. I haust har dei ført tilsyn med NAV si løysing der ein søker om foreldrepengar på nettstaden www.nav.no/no/person.

Eksempel på feil

Tilsynet har funne feil som gjeld skjema, koding og navigasjon. Mange av feila får konsekvensar for alle brukarar, skriv Digdir i eit oppslag på nettsidene sine om kontrollen.  

Det er mangelfulle feilmeldingar i skjema, manglande forslag til feilretting og merking av obligatoriske felt. Slike feil kan føre til at brukarane ikkje får fullført skjemaet og levert søknaden.

Feila på koding rammar særleg synshemma. Når skjema ikkje er rett koda, presenterer ikkje hjelpemiddel som opplesingsverktøy eller skjermlesar innhaldet på rett måte. I tillegg er det ikkje mogleg å nå alt innhald berre med tastatur.  Dette er eit krav.  

Brota på regelverket gjer at skjemaet er vanskelegare å forstå og fylle ut for alle, og det tek meir tid. Feila får særleg konsekvensar for brukarar som er blinde, har nedsett syn, nedsett motorikk eller nedsett kognisjon, skriv Digdir.

Merknadar og avvik

Det blei avdekka brot på 10 av 19 krav som vart testa, og feila er gruppert i avvik og merknader. Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav og får reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt. Dei tre avvika der det blir gitt pålegg om retting, var skjema, koding og navigasjon.

Feil funne i skjema var at det ikkje var god nok tilbakemelding til brukaren når det vart gjort feil i utfyllinga.

Feil funne i kodinga var mellom anna at overskrifter ikkje var koda som overskrifter eller knappar ikkje var definert som det i kodeverket.

Feil knytt til navigasjon var at det ikkje er mogeleg å utføre alle oppgåver berre med tastatur eller kunne forstørrast i tilstrekkeleg grad.

Merknadar frå tilsynet er tilhøve på nettstaden som kunne vore betre utan at det er eit direkte brot på krava.

NAV fekk merknad når det gjaldt bruk av kontrast og alternative tekstar for bilete.

Tilsynet omfatta:

  • alternativt format
  • bruk av skjema
  • koding av innhald
  • navigasjon
  • tastaturbetening

Alvorleg med slike feil på NAV, meiner Tilsynet for universell utforming av IKT

– NAV er ei stor, offentleg verksemd som tilbyr grunnleggande nasjonale tenester. Vi kjem alle i kontakt med NAV i løpet av livet, og tenestene deira betyr mykje for den enkelte sin rett til likeverdig samfunnsdeltaking, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Tilsynet ser derfor alvorleg på at vi finn slike feil hos denne verksemda.

Kontrollen vart gjort av skjema for foreldrepengar, men skjemaet bygger på komponentar frå NAV sin designmanual. Etter det Tilsynet har fått opplyst brukar NAV denne designmanualen gjennomgåande i mange tenester. Det betyr at det i tillegg er risiko for tilsvarande feil i andre skjema på nettstaden, seier Malin Rygg i ein kommentar til tilsynsresultatet.

NAV har frist til 26. januar 2021 med å rette avvika. Elles ventar det dagbøter frå Tilsynet.

Heile tilsynsrapporten finn du på Digdis nettsider

Illustrasjon NAV.jpg
Kontrollen viste at det var mangelfulle feilmeldingar i skjema, manglande forslag til feilretting og merking av obligatoriske felt.

 

Illustrasjon: Istockhoto