Eit godt læringsmiljø akustisk sett er kjenneteikna av at alle oppfattar tale tydeleg i rom som er planlagde for munnleg kommunikasjon. Det er òg viktig at elevane i liten grad blir distraherte av støyande aktivitetar, slik at dei kan konsentrere seg.  SINTEF har gått gjennom forskingslitteraturen på området og konkluderer med at kravet om kor lang etterklang det kan vere i eit undervisningsrom, er for einsidig som måling av god lyd. Kartlegginga som no er publisert, viser òg at store, opne læringsareal kan vere spesielt krevjande for enkelte elevar.

I rapporten «Lydforhold og akustiske parametre i undervisningsrom. Kunnskapsgrunnlag» blir resultata frå kartlegging av forskingslitteratur om akustiske tilhøve i undervisningsrom presentert. Forskarane har avgrensa kartlegginga til litteratur og innhald om romakustikk og støy.

– Hovudformålet har vore å gå gjennom kunnskapsgrunnlaget og å evaluere relevante metodar for å planlegge gode undervisningsareal,  seier seniorforskar Anders Homb i SINTEF i eit intervju om prosjektet på SINTEFs nettsider. Forskarane har funne at eksisterande litteratur gir eit godt underlag og kan gi mange tilrådingar basert på omfattande dokumentasjon.

Må ha nedre grense for etterklang

– Frå innhaldet vil vi trekke fram at kravet til etterklangstid er  for «einsidig» ved at det berre er ei øvre grense som er definert, mens forsking viser at det òg bør være ei nedre grense. Veldig kort etterklangstid gir ikkje nødvendigvis meir tydeleg tale, men har ein klar negativ effekt på lærarens stemmebruk, forklarer Homb i artikkelen.

Etterklang er det fenomenet at lyden i eit rom ikkje forsvinn momentant, men døyr vekk etter ei viss tid. Ein lydimpuls vil bli reflektert mellom veggar, tak og golv i rommet, men ved kvar refleksjon vil noko av lydenergien bli absorbert av flatane slik at lyden etter ei tid ikkje lenger kan høyrast.  I undervisningsrom skal etterklangstida være maksimalt 0,5 sekunder i følgje
krava i standarden NS 8175:2012 Lydforhold i bygninger - Lydklasser for ulike bygningstyper, klasse C som teknisk forskrift viser til (TEK 17). Blir etterklangstida blir for kort, vil det bli opplevd som om orda ikke når ut i rommet og det blir tungt å snakke.

I dei fleste land, Noreg inkludert, blir krava til etterklang sett med rom utan elevar.  Sidan personar òg absorberer lyd, kan romma bli for mykje dempa enn det som er optimalt.

Opne planløysingar ikkje bra for alle

Ein konklusjon er at store, opne undervisningsareal berre bør veljast når ein kan forutsetje høg grad av koordinering mellom aktivitetane i de ulike sonene/gruppene.

Fleire av studia forskarane gjekk gjennom, konkluderer med at transportsonar er ein kritisk faktor med omsyn til distraksjon og konsentrasjon i undervisninga. Tilrådingane frå forskarane er difor at ein i planløysinga bør sørge for å unngå transportsonar som er heilt eller delvis opne mot det nærliggande undervisningsarealet. Dette blir mindre kritisk dersom undervisningsaktiviteten er koordinert og at møblering og utforming av romma er slik at ein unngår både visuell og auditiv distraksjon. Undersøkt litteratur viste tydeleg at elever med auka læringsbehov (mellom anna på grunn av anna språk, nedsett høyrsle, konsentrasjonsvanskar eller behov for ekstra læringsstøtte) er spesielt følsame for effekten av uheldige akustiske forhold. Det er mogleg å oppnå god akustisk skjerming mellom de ulike delane av romma  utan å lukke dei, men det krev godt planlagde akustiske tiltak og ei gjennomtenkt planløysing.

Del av prosjektet «Morgensdagens skoler»

Rapporten er del av ein serie publikasjonar, rapporter og studiar i prosjektet Morgendagens skoler. Prosjektet som varer frå 2020 til 2023 og er eit innovasjonsprosjekt i offentleg sektor  er finansiert av Forskningsrådet og er eit samarbeid mellom SINTEF Community, Institutt for pedagogikk og livslang læring ved NTNU, Tromsø kommune, Bergen kommune, Trondheim kommune og Nordre Follo kommune. Tromsø kommune er prosjekteigar.

Last ned rapporten: Lydforhold og akustiske parametre i undervisningsrom. Kunnskapsgrunnlag (PDF-2,3 MB)

Elever spiller Kahoot på nettbrett

Det er viktig å få med seg det som blir sagt på skulen, ikkje minst viss elevane spelar eit Kahoot-spel på tid. Er lydtilhøve dårlege, kan ein del elevar fort komme til kort. (Illustrasjonsfoto: Pixabay)