Kommunane har eit sjølvstendig ansvar når det gjeld å etterleve menneskerettane knytt til grunnskule, barnevern, sosialhjelp, integrering, helsehjelp og eldreomsorg. Dette slår ein ny rapport levert av Norges institusjon for mennskerettigheter (NIM) fast. I rapporten kjem det fram at det er varierande kjennskap til menneskerettar i kommunen. Aller minst kunnskap har ordførarar.

Menneskerettar er grunnleggande verdiar som både det nasjonale og internasjonale samfunn byggjer på. Ein skil ofte mellom sivile og politiske rettar på den eine sida, som til dømes rett til liv, forbod mot tortur og ytringsfridom, og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar slik som rett til arbeid, utdanning og ein tilfredsstillande levestandard på den andre sida.

Grunnlova og menneskerettsloven er dei mest sentrale grunnlaga for menneskerettar i norsk rett. 

Menneskerettsloven gir fem menneskerettskonvensjonar direkte verknad i norsk rett og forrang ved eventuell motstrid med andre rettsreglar i Noreg. Den pågåande diskusjonen om å inkorporere FN konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD), handlar om også denne konvensjonen skal tas med i menneskerettsloven og dermed få forrang i norsk rett.

NIM er av organa som den siste tida har teke til orde for at FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) må inkorporerast i det norske lovverket, til dømes her i ein kronikk i Vårt Land.  

NIM arbeider generelt med å fremje og verne menneskerettane og har nå sett på kva for ansvar kommunane har når det gjeld menneskerettar og korleis dei kan arbeide betre og meir systematisk med dette. Nyleg publiserte NIM rapporten «Kommuner og menneskerettigheter» og sette med den kommunanes ansvar for menneskerettar på dagsorden. 

Dei slår fast at kommunen har ansvar for å oppfylle desse rettane spesielt knytt til grunnskule, barnevern, sosialhjelp, integrering, helsehjelp og eldreomsorg.

Spørjeundersøking i kommunane

Våren 2021 sende NIM ut ei spørjeundersøking om kommunars kjennskap til og arbeid med menneskerettar. Formålet med undersøkinga var å kartlegge den generelle kjennskapen til menneskerettar blant leiarar med sentrale funksjonar i kommunane. Dei ville òg ha innblikk i korleis kommunane arbeider med menneskerettar til dømes gjennom iverksetting av ulike tiltak, kva for utfordringar kommunar kan møte på og kva som skal til for å kunne styrke menneskerettsarbeidet i kommunane. 200 kommunar blei inviterte til å delta i undersøkinga. 145 kommunar svarte.

 Hovudfunna som er  presentert i rapporten var:

  • Kommunane er kjend med at dei har et menneskerettsansvar. 95 % kjende til at kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å gjennomføre menneskerettane når kommunen utøver offentleg myndigheit på utvalde områder. 
  • Det var varierande kjennskap til menneskerettane.  Om lag seks av ti meinte sjølv å ha «ganske god» kjennskap.
  • Best kjend blant leiarane var FNs barnekonvensjon og den Europeiske mennesrettskonvensjonen. Minst kjennskap var det til Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og ILO-konvensjon 169 om urfolk sine rettar.
  • Sjølv om mange av respondentane hadde delteke på kurs, var opplæring av tilsette, tid og økonomi ei rapportert utfordring.
  • Få av kommunane hadde menneskerettar som del av kommuneplanens samfunnsdel trass i at kommuneplanen er eit av dei viktigaste styringsdokumenta ein kommune har.
  • Store kommunar har komme lengst med arbeidet med rutinar for arbeidet med menneskerettar.
  • Barnevern var det området som mange synes var mest utfordrande når det kom til kommunal tenesteyting. Seks av ti kommunedirektørar meinte dette.
  • Ordførarane var dei som hadde minst kunnskap og delteke på færrast kurs. To av ti ordførar hadde verken kjennskap til domane mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen eller til FNs tilrådingar til Noreg.

På bakgrunn av dette, meiner NIM at det er fleire punkter å betre. Dette gjeld til dømes å sikre systematisk opplæring av tilsette og lokalpolitikarar, få menneskerettar inn i plandokument og sikre juridisk kompetanse på menneskerettar i kommunen.

Om NIM

FN tilrår alle statar å ha ein nasjonal institusjon for menneskerettar som fremmer og vernar menneskerettane nasjonalt. I Noreg har Stortinget gitt denne oppgåva til NIM som er eit uavhengig, offentleg organ som organisatorisk er underlagd Stortinget. 

Illustrasjonsfoto

Tanken om at det finnes universelle rettar som gjelder for alle menneske, går langt tilbake i historia. (Illustrasjonsfoto: Istock)