«Brukar» skal berre nyttast når det blir vist til kva ein er brukar av, ikkje som synonym eller alternativ til ordet funksjonshemma. Ordet «brukar» kan opplevast som stigmatiserande. Bruk gjerne «person», «menneske», eller namnet på vedkomande. Dette er eit av råda i ordlista for funksjonsmangfald som NRK nyleg publiserte.
NRK har laga lista for å hjelpe journalistar som synest det er vanskeleg å lage journalistikk om funksjonshemma. Ord som tidlegare vart brukt, blir i dag opplevd som nedsettande og stigmatiserande, og ulike grupper ser ulikt på ord og uttrykk. Ei utfordring er til dømes der ord og uttrykk som for lengst har gått ut av vanlig norsk språkbruk, framleis lev i rettsvesenet og i juridisk litteratur. Eksempel på dette er «åndssvak» eller «varig svekka sjelsevner». Her tilrår NRK heller å prøve å forklare kva dette faktisk tyder med eit moderne og forståeleg språk.
Mange er redde for å støyte nokon med språkbruk og unngår ordet «funksjonshemma», men dette ordet har grønt lys i NRK. Både «funksjonshemma» og «funksjonsnedsetting» er greie ord, men NRK vil ikkje at journalistane skal bruke ordet «brukar» som alternativ for funksjonshemma. «Brukar» skal berre nyttast når det blir vist til kva ein er brukar av. «Handikappa» er òg eit ord som ikkje bør brukast, trass i at det er i bruk i til dømes HC-toalett og Norges handikapforbund, står det å lese i lista.
«Ikkje- funksjonshemma» framfor «funksjonsfriske»
Av orda som har fått nei-stempel er til dømes mange som stort sett allereie er ute av bruk i media og offentlege dokument. Dette er ord som «åndsvak», «vanfør» og «dverg». Dette er ord som er nedsetjande og ikkje vert brukt lenger.
Andre omgrep som er meir vanlege har også fått nei-stempel eller merknad om at ein skal vere varsam med å bruke ordet. Når ein snakkar om funksjonshemma, er ordet «funksjonsfrisk» det som ofte blir brukt som motsats. Ordet indikerer at dei som har ei funksjonsnedsetting er sjuke, men det er ikkje samsvar mellom det å vere til dømes blind og å ha dårleg helse. Som omgrep foreslår NRK at ordet «ikkje-funksjonshemma» heller blir brukt. Ein skal òg vere varsam med å bruke «Dei funksjonshemma» som samlenemning for gruppa. Funksjonshemma er ei stor og variert gruppe. Det er best å spesifisere kven ein snakkar om, heiter det i ordlista.
NRK foreslår i tillegg omgrepet funksjonsvariasjon eller funksjonsmangfald for å inkludere alle då funksjonsevne kan variere i løpet av livet og vere avhengig av situasjonen.
Førarhund, punktskrift og kvit stokk
Blindehund, blindeskrift og blindestokk er ord som ikkje skal brukast. Det korrekte vil vere førarhund, punktskrift og kvit stokk eller alternativt «mobilitetstokk» for den kvite stokken blinde og svært svaksynte brukar for å navigere med når dei er ute og går. I standen for punktskrift kan òg «braille» brukast, men då må du forklare det. Braille er det internasjonale namnet på punktskrift. Braille har fått namn etter opphavsmannen, franskmannen Louis Braille.
Døvespråk, døvetolk og døvstum skal ikkje brukast. Tegnspråk og tegnspråktolk er det korrekte. Nesten ingen døve er stumme (utan taleevne). Mange døve opplever omgrepet som negativt fordi det gjev et inntrykk av at døve ikkje kan produsere meiningsberande ytringar, noko som er fullt mogeleg på teiknspråk. Omgrepet døvstum skal ikkje brukast i følge ordlista. «Døv» blir av somme brukt som adjektiv eller adverb («døvt») om noko som er kjedeleg, tregt eller uattraktivt, og i denne tydinga skal ordet så klart ikkje brukast.
Den første og førre versjonen av lista kom i 2017 og var kalla «NRKs ordliste på funksjonshemmetfeltet». Manga internt i NRK har delteke i arbeidet med revisjon av ordlista. Både funksjonshemma sine organisasjonar og NRKs brukrarråd har i tillegg vore konsulterte i prosessen.
Allmenne behov
NRK åtvarar mot omgrepet «spesielle behov». Viss ein person som lever med funksjonsnedsetting treng hjelp eller tilrettelegging, seier ein ofte at personen har «spesielle behov». Men behova er som regel ikkje så spesielle, som å ete, kle på seg, lese e-post og liknande. Det som varierer, er kva verktøy, verkemiddel og løysingar ein nyttar for å fylle ulike behov. Det at ein stadig understrekar at nokon har spesielle behov, kan bidra til at personen føler seg utanfor og er ei belastning. Då er det betre å omtale det aktuelle behovet.
Knebling av ytringsfridom?
Alle er likevel ikkje nøgde med at det største mediehuset i Noreg lagar ei slik ordliste. I Dagsnytt 18 22. september tok samfunnsdebattant Kristian Gundersen til orde for at dette kunne vere med å avgrense ytringsfridomen til folk då ein kan ende med ein diskusjon om kva som er korrekte ord i staden for å diskutere saka. Han sjølv kjende seg hemma i diskusjonar med omsyn til korrekte ord. Podcastar Marianne Knutsen meinte på si side at det tvert imot var særs viktig å diskutere kva ord som er OK å bruke. – Det handlar om perspektivet og kva for eigenskapar ein tillegg mennesket. Språk er òg med på å fremme likestilling, sa ho i programmet.
NRK har sett nærare på kva ord ein skal bruke i saker om funksjonshemma (Illustrasjonsfoto: Istock)