Talet på jobbannonsar kor «universell utforming» er med som ein del av annonseteksten, er tredobla på fire år. Dette viser ein oversikt Bufdir har fått frå FINN.no. Medan det i 2014 var totalt 65 annonsar som refererte til universell utforming, var talet auka til 180 i 2017.
IT-bransjen peikar seg ut som den bransjen som står for dei fleste annonsane. I 2014 hadde 13 annonsar ordet universell utforming med, medan det i 2017 hadde auka til heile 107.
Annonsar innan segmentet «offentleg forvalting» er det andre segmentet kor universell utforming opptrer oftast i tekstane. I 2014 var det ni slike annonsar, medan det i 2017 var auka til 25.
Forskrift om universell utforming av IKT kan ha noko å seie for utviklinga i jobbsøkjarmarkanden. Det er difor interessant at innan eigedom, bygg og anlegg er det ikkje registert ein tilsvarande auke. Denne sektoren har og pålagte krav om universell utforming i byggteknisk forskrift (TEK 17).
Oppteljinga er reint søk. Det er ikkje gjort innhaldsvurderinga av annonsane som FINN.no har gjort på spørsmål frå Bufdir.
Alle tala finn du i denne PDF- filen.