Kunstnaren Ingeborg Blom Andersskog går heile Kongevegen i Lærdal for å finne nye metodar og moglegheiter for universell utforming.
Kunstprosjektet «The Line» varer i første omgang fram til 15. september. Kunstnaren går heilt enkelt heile vegen med ein såkalla håndtakspistol for spraymarkering. Langs vegen lagar ho ei kvit line.
Den lina er alt anna enn rett.
– Ein tenkjer kanskje at ein går på ei rett line, men det er mange ting som påverkar, så som vêret, underlaget og kroppen sine rørsler, forklarer Andersskog.
Prosjektet er eit samarbeid med Norges Blindeforbund og kunstnaren vil også gå turen saman med blinde og svaksynte.
Håpet er at «The Line» kan leggje grunnlaget for at fleire kan ferdast i det unike kultur- landskapet i Lærdal og at ein på sikt kan finna nye idear om korleis universell utforming kan fungera.
Turen vert dokumentert gjennom foto og sosiale media.
Kilde: Sogn Avis