Sogn og Fjordane fylkeskommune skal no undersøkje kor tilgjengelege fire av skianlegga i fylket er for personar med funksjonsnedsetting.
Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen i landet som utfører denne typen kartlegging.
Fylkeskommunen har fått pengar frå Kartverket for å gjennomføre kartlegginga. Bakgrunnen for arbeidet er visjonen i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – nemleg fysisk aktivitet for alle.
– Dette er viktig for at alle skal kjenne seg tekne i vare i anlegga, seier prosjektleiar Jo Tore Kristoffersen til Sogn og Fjordane fylkeskommune sine nettsidar.
Erlend Haugen Herstad, leiar i fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne, trur kartleggingsarbeidet vil vere eit verkemiddel til at alle skianlegga i fylket ser nærare på tilgjenge for menneske som treng tilrettelegging for å kunne delta.
Kjelde: Sogn og Fjordane fylkeskommune