Jens Arne Gill Dolmen har cerebral parese og slit med å opne flaskekorkar. Slik oppsto ideen om ein enklare opnar.

Jens Arne har ofte bedt om hjelp for å få av korken på mjølkekartongar og brusflasker. Det er han ikkje aleine om. Mange er veike i klypa og må ha hjelp.

Men CP-råka Jens Arne ville helst klare det sjølv. Slik fekk han ein idé til ei enkel løysing, fortel NRK Telemark.

Sjå meir hos NRK her.

 

Bildet viser mann som åpner melkekartong.

Opnaren gjer det enklare å opna både mjølkekartongar og brusflasker. (Bilde frå NRK)

Frå Innovasjon Norge fekk han 225 000 kroner i støtte, og med seg på laget fekk han Høgskolen Sørøst-Norge. No har han utvikla ei prototype som er støypt i plast i 3D-printaren på høgskulen.

Ved help av spor i korken, kan ein bruke plast-stonga som ein skiftenøkkel. Den ekstra lengda gjer det mykje enklare å opne korken.


Kjelde: NRK Telemark