Aadnanes, Margrete

Denne PhD-studien rettar fokuset mot barn og unge som har opplevd vold i nære relasjonar. Gjennom forteljingane til voldsutsette ungdommar og unge vaksne, samt profesjonsutøvarar, undersøkjer eg korleis forståingar og fortolkingar av vold er innleira i den gjeldande sosiale og kulturelle konteksten. Den overordna problemstillinga er: Korleis kan me forstå og konseptualisere vold mot barn og unge i nære relasjonar på måtar som medverkar til kunnskapsutvikling i sosialt arbeid? Avhandlinga er teoretisk forankra i sosialt arbeid, og rettar frå ulike nivå fokus på den gjensidig avhengige relasjonen mellom individ og kontekst. Meir presist belyser analysane ulike sider ved den grunnleggjande analyseeininga i sosialt arbeid, nemleg ‘personen-isituasjonen’. Dette blir gjort ved å ta i bruk ei narrativ tilnærming og eit interseksjonalitetsperspektiv, som kvar for seg spesifiserer ulike sider ved og nivå i personeni- situasjonen. Studien har eit kvalitativt design, der empirien består av intervju med voldsutsette ungdommar og unge vaksne, samt intervju med profesjonsutøvar i ulike delar av hjelpeapparatet (fortrinnsvis barnevernet). Vidare er avhandlinga bygd opp av tre artiklar. Den første artikkelen analyserer ungdom og unge vaksne si meiningsskaping med voldserfaringar som barn og ungdommar, viser korleis dei unge forklarar og definerer volden – og kva dei gjer i møte med den. Her er den narrative inngangen nytta for å undersøkje korleis subjektiv meiningsskaping skjer i tett samspel med forståingar og definisjonar av vold på kulturelt nivå. I den andre artikkelen blir profesjonsutøvarar i barnevernet sine perspektiv utforska. Her blir fortolking og definering av voldssaker utforska ved å ta i bruk det interseksjonelle perspektivet. Dei sosiale kategoriane ‘klasse’ og ‘etnisitet’ gjer seg på ulike måtar gjeldande i desse defineringsprosessane, og analysane syner korleis saksbehandlarane sin sosiale, strukturelle, så vel som kulturelle, posisjon får betyding for kategorisering av voldssaker. Den tredje artikkelen ser nærmare på kva unge sjølve seier om å motta hjelp, og kva saksbehandlarar i barnevernstenesta seier dei gjer i møte med voldssaker. Her blir det sosialfaglege perspektivet personen-i-situasjonen eksplisitt teke i bruk for å utforske og drøfte korleis ulike tilnærmingar kan romme kompleksitet og individ-kontekst-dynamikkar i kvar enkelt sak. Analysane legg grunnlag for å diskutere moglege utfordringar ved å standardisere barnevernsundersøkingar, og kva kunnskap og kompetanse sosialarbeidarar treng for å kunne ha eit godt beslutningsgrunnlag. Artikkelen aktualiserer ein debatt om sosialfagleg praksis i møte med voldsutsette barn, unge og familiar. Samla sett belyser avhandlinga korleis forståing og definering av vold mot barn og unge er sosialt innleira når det gjeld både subjektiv meiningsskaping, konseptualisering og profesjonelle tilnærmingar. Analysane medverkar til å å utvide det sosialfaglege kunnskapsgrunnlaget om vold mot barn og unge, samtidig som dei bidreg til ei spesifisering av sosialfagleg teori. Til sist legg avhandlinga grunnlag for vidare forsking og kunnskapsutvikling, og kan bidra til refleksjon og diskusjon kring sosialfagleg praksis.

155 s., utgitt av Høgskolen i Oslo og Akershus i 2017.