Haugland, Aina Isdal og Skutlaberg, Linn Synnøve | Høgestøl, Asle

Ei rekkje forskingsstudiar viser at barnevernsbarn gjer det systematisk dårlegare i skulen enn barn som ikkje har hatt kontakt med barnevernet. Det er dessutan mindre truleg at dei vil gjennomføre vidaregåande skule og høgare utdanning. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har starta prosjektet Tiltak for å styrke skole- og utdanningssituasjonen for barn i barnevernet for å arbeide meir med denne problemstillinga. Skulesatsinga til Bufdir er eit tre-årig prosjekt som vert gjennomført saman med Udir, og er sett saman av seks delprosjekt. Målet er å oppnå ei meir heilskapleg og systemretta oppfølging av skulegangen til barn og unge med tiltak i barnevernet. ideas2evidence har som del av skulesatsinga til Bufdir fått i oppdrag å samanfatte erfaringar og kunnskap frå fire tiltak. Prosjekta byggjer på idégrunnlaget til den svenske modellen Skolfam. Skolfam er ein samarbeidsmodell mellom skule-, sosialforvaltning og heim, der det vert jobba for å styrke skuleprestasjonane til barn i fosterheim. Skolfam har som mål å styrke barna si gjennomføringsevne i skulen, og det pedagogiske arbeidet står sentralt. I denne rapporten skal vi samanfatte dei data vi har henta inn frå Sammen for læring i Bergen kommune, Eg vil lære i Stavanger kommune, Samarbeid skole – barnevern – felles innsats for barn og unge i barnevernsinstitusjon i Bufetat Region Midt-Norge og Aktiv støtte til barnevernsbarn i skolen i Midtre Namdal.

69 s., utgitt av ideas2evidence i 2017.