Eimhjellen, Ivar

Utgangspunktet for denne rapporten har vore å undersøkje innvandrarar og barn av innvandrarar med bakgrunn frå Afrika, Asia og Aust-Europa si deltaking i norsk frivilligliv. Å få gode data omkring innvandrarar og barn av innvandrarar si deltaking i norsk frivilligliv har synt seg å vere vanskeleg, spesielt å få kunnskap om dei som er vanskelegast å få tak i og som vi kanskje treng mest kunnskap om: personar med innvandrarbakgrunn som i mindre grad er frivillig- og samfunnsengasjerte, som har kortare butid og låg sosioøkonomisk status. Personar med innvandrarbakgrunn som svarer på spørjeundersøkingar er ofte godt integrerte og har gjerne ein relativt høg sosioøkonomisk status. I spørjeundersøkingar omkring frivillig arbeid er det også gjerne dei som har tilknyting til norsk frivilligliv som i større grad svarer på slike undersøkingar. Av denne grunn kan vi lett få skeive utval i slike undersøkingar, der vi ikkje får tilgang til kunnskap om innvandrarar som i mindre grad er engasjerte i og som står utanfor sivilsamfunnet, og om potensielle barrierar og eventuelle tilretteleggande faktorar for meir deltaking. For å kunne konkludere meir sikkert og på eit meir generelt grunnlag omkring personar med innvandrarbakgrunn si deltaking i norsk frivilligliv er det behov for grundigare og meir ressurskrevjande undersøkingar som gjev betre svarprosent og har eit meir representativt utval. Det trengs også meir forsking omkring verknaden av ulike metodar, spørsmålsformuleringar og utvalstypar for nivået av deltaking i frivilliglivet, både generelt og for innvandrarbefolkninga spesielt. Forskarar ved Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor har tatt initiativ til nærare undersøkingar omkring slike tema.

72 s., utgitt av Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor i 2016.