Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500 barn i Noreg som bur i fosterheim, og ca. halvparten er i alderen 13 til 18 år. Det er mange grunnar til at barn bur i fosterheim, men felles er det at deira eigne foreldre ikkje kan ta seg av dei i ein kortare eller lengre periode. I denne brosjyren har vi skrive litt om det vi synest det er viktig at du veit når du bur i fosterheim. Det står også ein del om kven du kan be om hjelp om du treng det. Om du synest noko av det som står i denne brosjyren, er vanskeleg å forstå, kan du be fosterforeldra dine, tilsynsføraren din eller ein saksbehandlar i barneverntenesta om å forklare det nærare. Vi har også laga ein annan brosjyre for barn i fosterheim. Det som står i den, kan vere lettare å forstå.

15 s., utgitt av Barne-, ungdoms- og familieetaten i 2007.