Nes, Ragnhild Bang og Hauge, Lars Johan | Kornstad, Tom | Kristensen, Petter | Landolt, Markus A. | Eskedal, Leif T. | Irgens, Lorentz M. | Vollrath, Margarete E.

Medan tidlegare studiar har vist at barn med alvorlege diagnosar som autisme og funksjonshemming reduserer mødrene si yrkesdeltaking, har få studiar undersøkt om meir «vanlege» problem, som åtferdsproblem, også har innverknad på mor si yrkesdeltaking. Om lag 7 % av barna i denne studien hadde åtferdsproblem, karakterisert som «internaliserande» og/eller «eksternaliserande» åtferd. Resultata i studien viser at 22 % av mødrene til barn med betydelege internaliserande åtferdsproblem, eller ein kombinasjon av internaliserande og eksternaliserande åtferdsproblem, er utan arbeid 3 år etter fødsel samanlikna med 15 % av mødrer til barn utan åtferdsproblem. Det vil seie at yrkesaktive mødrer som får barn med betydelege internaliserande åtferdsproblem, eller barn med ein kombinasjon av internaliserande og eksternaliserande problem, trekkjer seg i større grad ut av arbeidslivet enn det andre mødrer gjer – i alle fall mellombels. Utagerande barn kunne ikkje knytast til noko endring i mødrene si arbeidsdeltaking. Denne studien undersøkte mødrene si yrkesdeltaking i småbarnsfasen, men nye studiar er allereie i gang for å undersøkje om situasjonen er den same når barna blir eldre

11 s., utgitt av Springer Link i 2013.