Malterud, Kirsti

Mange rapporter frå utlandet fortel om dårleg helsehjelp for lesbiske. Dei opplever å få lite innsiktsfull hjelp og møter reell eller forventa homofobi hos hjelparen. Konsekvensen kan vere låg legesøking. Noko som går att i mange rapportar om helsetenesta, er erfaringar om at legen tar heteroseksualiteten og kategoriane som den einaste opplagde versjonen. Dei fleste helseproblema hos lesbiske kvinner er utan samanhang med seksuell orientering. Men nokre særskilde forhold ved det lesbiske livet kan ha betyding for sjukdom og helse og kan ha noko å seie for møtet mellom den lesbiske pasienten og helsetenesta. I artikkelen vil forfattaren sjå nærare på sjukdomsmønster og risiko og kva som kan avgjere om lesbiske kvinner får god helsehjelp i møte med legen. Artikkelen er eit utdrag frå boka "Lesbiske og homofile i møte med helse- og sosialtenesta", ei bok som er retta mot legar, psykologar, familieterapeutar, helse- og sosialarbeidarar og andre utan spesielle forkunnskapar om homoseksualitet

11 s., utgitt av Samlaget i 2006.