Slåtten, Hilde; Anderssen, Norman; Holsen, Ingrid

Dette er ei lærarrettleiing for lærarar i ungdomsskulen om førebygging og handtering kjønnsrelatert mobbing, homofobisk erting, og seksuell trakassering. Prosjektet er finansiert og utforma på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Delar av rettleiinga er henta frå rapporten ”Førebygging og handtering av homofobisk erting i ungdomsskulen” av Slåtten, Anderssen og Holsen (2008). Lærarrettleiinga har til hensikt å hjelpe norske skular til å innfri kravet frå Opplæringslova og Mobbemanifestet om å skape trygge læringsmiljø, og gripe inn når elevar vert utsette for bruk av krenkande ord. I det oppdaterte mobbemanifestet frå 2006, og i Manifest mot mobbing 2009 – 2010 vert det i tillegg presisert at homofobi skal takast alvorleg. Lærarrettleiinga er primært forankra i Opplæringslova sitt krav om at personalet og leiinga har drøfta seg fram ei felles haldning, slik at dei reagerer likt ovanfor trakasserande språkbruk. Vidare er lærarrettleiinga forankra i læreplan for norskfaget for ungdomstrinnet der det heiter at elevane etter 10. årstrinn skal kunne drøfte korleis språkbruken kan virke diskriminerande og trakasserande

Utgitt av HEMIL-senteret i 2009.