Slåtten, Hilde og Anderssen, Norman | Holsen, Ingrid

Homofobisk erting er ei særskilt form for erting der ungdom brukar ord og uttrykk om homoseksualitet for å kritisere, rakke ned på eller for å uttrykke noko som er teit, dumt, sprøtt, dårleg eller ukult. Sjølv om erting med homo-ord (til dømes ”homo”, ”homse”, ”lesbe”) kan vere vennlegsinna, ligg det likevel ei underforstått tyding av negativitet knytt til homoseksualitet i denne forma for ordbruk, og ertinga vert difor som regel oppfatta negativt. Å tillate negative kommentarar med homo-ord i skulen utgjer eit viktig vilkår for at negative haldningar til lesbiske og homofile skal få leve vidare blant barn og unge. Homofobisk erting råkar alle. Homofobisk erting inneber at mange slags relasjonar til medelevar av same kjønn direkte og indirekte vert blinka ut, sett ned på og gitt status som potensielt urovekkjande. På den måten verkar homofobisk erting disiplinerande og avgrensande på ein negativ måte for alle elevar. Sjølvsagt er homofobisk erting spesielt vanskeleg for dei elevane som allereie i ung alder identifiserer seg som lesbiske og homofile. Eit miljø som tillet homofobisk erting vil òg råke elevar som seinare vil sjå seg som homofile og lesbiske, og det vil råke elevar med foreldre, sysken og andre nære personar som er homofile eller lesbiske

67 s., utgitt av HEMIL-senteret i 2008.